onsdag 12. mars 2014

SISTE POST FRA ALASKA

Ein heidundrane adrenalinfest!

Jentene heiar på Joar fra Mo!
Foto: Hans Petter Sørensen


"Aoo AOUU!" skrik hundekoret, og spikrar sangen fast på hjernen til tusenvis av tilskodarar. Verdas lengste hundespannløp Iditarod har ENDELEG gått av stabelen, og me er så nøgde at me smiler til øyra og tilbake. 






Hans Petter koser seg!
Foto: Catrine Hole


Fotografen vår Hans Petter Sørensen har stolt fått fotopass inne på området, resten av oss har fått klappa hundar og ynskja ranværingen Joar Leifseth Ulsom og Oslo-dame Yvonne Dåbakk lukke til på norsk. Catrine og eg har stått på sidelinja i 5 timar og vinka av garde dei langstrakte bautane som segla pompøst forbi i solstrålar og heiarop, i "føtene" til sprekkeklare hundebeist i tet. 70 deltakarar med 16 hundar kvar gjer seg klar for det om lag 180 mil (1059 miles) lange racet opp til Nome. 


De 5 norske; fra venstre; Ralph Johannessen, Tommy Jordbrudal, Joar leifseth Ulsom, Robert Sørlie og Yvonne Dåbakk.
Foto: Hans Petter Sørensen


Mette heiar på Norge!
Foto: Elin Nystad

Resten av gjengen vår har køyrd lenger opp i løypa for å vifte med norske flagg i skogen, med fanfarer, nasjonalsongar og bålfyring i kulissane. Det kjennest heilt enormt å vere her. Nede på startområdet stikk fjernsynkanalane opp som soppar rundt oss, turistar frå fjern og nær snik fram snutane og håpar på gode blinkskot medan journalistar og hjelpeassistentar også dekorerar startområdet. I sjølve hundespanna sit fans som har betalt tusenvis av dollar for å få glitre ut frå start. Det er heilt sjukt det her. 




Spannførarane skal straks ut i Alaskas audemark. Der skal dei greie seg på eigahand i tre veker, ta full omsorg for eit titals hundar og samstundes tenkje strategi og løyse utfordringar undervegs. Ein skal vere sterk der ute, både muskelmessig og mentalt.
 
Fotografen vår haika med en snøskuter-ungdom, og knipsa noen magiske bilder av Joar som just har kommet ut av Willow
Foto: Hans Petter Sørensen


 
Sjølv om Iditarod ikkje har ein direkte tilkopling til turens ærend,  er den aldeles ikkje irrelevant for prosjektet vårt. Sola stråler og alle drøymer om å gå til anskaffing av huskyfarmar, spann og sponsorar. Dette er vesen som nyttar landskap for alt det den er verdt. Det er fascinerande å sjå kor lukkelege alle dei hundane me har møtt på er. Milde, gira og rause kroppspråk med smilande glis nærast. Hundar som får vere ute i lange dagar og halde på med det dei elskar å gjere. Iditarod er eit ekstremt døme på menneskje som har funni ei stor meining i å vere ute, noko som nærast liknar sjølve kjerna i Nesna-lærarane sine prosjekt, som dei no byrjar å få internasjonal oppmerksemd for. Viktigheita av å kunne gjere meiningsfulle handlingar ute, med kroppen i bruk og hovudet i tilfredstilt modus. Og at dette bør vere ein viktig del av born sin skulekvardag.

-Evelyn-



Endelig hjemme og endelig i mål!

Etter den lengste reisen i mitt liv er jeg hjemme i Norge igjen. Det føles godt å komme tilbake til kjente trakter selv om været ikke har vist sin aller beste side. I ukene som kommer venter både en praksisperiode og stormen Kyrre. Idyllsolen i Alaska som var med oss nesten hele oppholdet må vi klare oss uten.

I det jeg skriver dette sitter jeg i Mosjøen og følger med Iditarod og innspurten til høgskolen og Helgelands storfavoritt Joar Leifseth Ulsom fra Mo i Rana. Han har akkurat gått inn på en imponerende fjerdeplass etter å ha tilbakelagt ca 1800 kilometer på 8 dager, 19 timer, 1 minutt og 1 sekund. Det skulle ikke være mer en to minutter som skilte første og andreplass i årets Iditarod, noe som er nesten utrolig når man tenker på alle dagene disse hundene og førerne deres har løpt. Det er foreløpig bare kommet inn fem lag i mål, og resten av løpet kan følges via www.iditarod.com.
Det ser unektelig både magisk og fantastisk ut! En god stat på et meget tøft løp for Joar og de andre deltagerne!
Foto: Hans Petter Sørensen


Nå som praksisperioden er offisielt i gang og jetlagen begynner å slippe tak er det lett å se tilbake på hvor bra turen har vært. Alaska er trolig en av de vakreste statene i USA, og et fabelaktig reisemål for eventyrlystne. Spesielt heldig har vi vært som hadde med oss en profesjonell fotograf! De aller fleste bildene her på bloggen er tatt av Hans-Petter Sørensen. I tiden fremover kommer bildene til å skape litt Alaska-lengsel, det kjenner jeg allerede nå.

Det er ikke alle som får dratt til USA, og de aller færreste har hatt muligheten til å besøke Alaska. En slik tur, med alle opplevelsene jeg har hatt er jeg kjempe takknemlig for å ha deltatt på. Dette er virkelig en plass en bør få øynene opp for.


-Eirik-


Takk for oss!

Til sist vil vi gjerne få si takk til Høgskolen i Nesna som gjorde denne turen mulig ved å invitere oss med og støtte oss økonomisk. Vi har hatt en flott reise der vi har både lært og opplevd mye. Ikke minst har vi fått stiftet bekjentskap til Alaska University Anchorage og flere av lærerne og studentene der, fått vært med på Vinterfestivalen og sett oss rundt både i byen og utenfor byen.

Denne bloggen vil ligge på nett som et vitnesbyrd for turen vår, og for at studenter og lærere skal kunne gå inn og se hva vi har gjort, hvordan vi opplevde Anchorage, og muligens kan den også friste andre studenter til å ta turen over Atlanteren. Kanskje for et helt semester? 

Jeg vet i alle fall at tanken er ikke fremmed for meg etter å ha sett hva byen, universitetet og den fantastiske naturen i Anchorage, Alaska har å by på. 

- Catrine - 




fredag 7. mars 2014

ANCHORAGE: EIN MØTEPLASS FOR URFOLK

The Native Marked: autentisk og kontrastfylt


Handsydd dokke, frå Alaska Native Medical Center
Foto: Evelyn Utigard
Gjennom vinterfestivalen som no har vore, har me fått høve til å kåma i kontakt med tilreisande Yupiak- og Inupiak- folk frå heile landet, noko eg synest er heilt vanvittig spennande! Desse utgjer i fylgje Herminia Din dei største innfødde gruppene.  Alaska har ein rik og variert urfolkskultur. Den vesle staten rommar 11 ganske forskjellige urfolksgrupper, med sine 11 forskjellige språk og destod fleire forskjellige dialektar (alaskanative.net) Det finst to store marknadar i året, der urfolk frå bygd og by kjem inn til Anchorage for å selge handverk som dei sjølve eller nokon dei kjenner har laga. Og eg synest at me var utruleg heldige med timinga. Her sit fleire familiegenerasjonar i lag og deler bord mens dei fiskar opp seiste nytt i kvarandre sine liv, deler matpakker og konverserar på språk eg ikkje forstår. 


Klok kjerring med kjole av laks
Frå Alaska Native Medical Center
Foto: Evelyn Utigard
Då det heile utspelar seg på eit av byens største kjøpesenter er det utruleg fascinerande å sjå kontrasten mellom store merkekjeder med haugar av framangjordte varer kontra handverk hovudsakleg produsert av pensjonerte "urfolk". På borda glitra kuspukjakker, barkebollar, fiskeskinnsdukker, padleårer, smykker, selskinnsluer og votter i forskjellige sjølvflådde dyr. Og om ein har lyst på ei oppbevaringstaske utan om det vanlege, fantes det også blæreboller og tarmtasker med pjon av farga pelshår og perler.

Så gira vart eg over å vere her, at feberen som lura den dagen forsvann og eg fekk store vanskar med å tenkje ut strategiar rundt korleis eg kunne bli litt kjende med dei! Det er jo så artig med folk med ganske forskjellige vanar frå ein sjølv. Kva skulle ein spørje om!? Eg måtte ta meg sjølv i å overeksotifisere Yupik og Inupiaq-kulturane litt for mange gonger. Til dømes i samtale med ein eldre karismatisk mann som måla padleåreliknande gjenstander med intrikate bølgette mønster. Denne teknikken hadde han visst lært av far sin, som igjen hadde lært det av far sin, som hadde lært den av far sin... osv. Eg spurde med stjerner i blikket KORLEIS han hadde fått til dei spesielle brunlege fargane. Hadde han brukt bark? Eller kvalspekk, eineberbuskar og fugledrit kanskje? Fantasien rakk å vandre eit stykke før mannen kostbart kunne meddele; "Oh, you just go to a regular paint store here in Anchorage, they are everywhere". 


Ørn, eit hyppig motiv i marknadskunsten. Gjerne illustrerar dette ei myte eller ei historie som vandrar på folkemunne.
Foto: http://www.alaskaindianarts.com/

Eg følte eg greidde å "bonde" litt i mitt forsøk på å lære det eg trur var Yupik-språk.  Ei eldre kvinne med lune venlege auge og innsnurpa munn som avslørte ei tannlaus garde, lærde meg eit par høflege gloser :"Jamai", som tyder "Welcome"/ "Hei" om eg hugsar det rett, - og ordet for "takk", som sjølvsagt sveiv ut av det andre øyra straks etter at eg takka for meg. 

Me fekk iallefall utvida horisonten av alt ein kan bruke og lage ut av det ein omgjev seg med, og ikkje minst at det framleis er vanleg å aktivt produsere alle moglege nødvendige bruksgjenstander med villmarka som ressurslager. Tenkjer ein tilbake i tid, skal ein berre eit par generasjonar bakover til då ein sydde underbukser ut av mjølsekkar. Dette er fjernt å tenkje på i 2014, då ein kan kjøpe undertøy made in Taiwan for ein latterleg billig penge. Miljømessig er det liten tvil om kva som er mest berekraftig, sjølv om eg personleg ikkje treng nokon blærekopp per dags dato.

Det som kanskje er mest spennande for min del, er å observere møte mellom generasjonar og forskjellige "kulturar" i ei tid med mange og store endringar. 10 dagar gjev oss berre pirrande smakebitar, men det set i alle fall i gang tankeprosessar. 


"Diving Raven"
. Ravnen er også ein gjengangar i visuelle uttrykk. Ein mann på marknaden fortalde meg at når sola er burte om vinteren, skuldast det ravnen som har teke den. 
Foto: http://www.alaskaindianarts.com/



Langreist pels – kremt, kremt

Var det noko uvant som møtte oss på gatevandring nede i gamlebyen så var det pelsbutikkane på alle slags hjørne. For ikkje å snakke om bytraskarar med meterlange revar og coyotar på hovudet.
Me måtte sjølvsagt ta oss ein tur inn i ein av pelsmekkane for nyskjerrigheita si skuld, uansett om ingen av oss ustrålte ynskje om å gå til innkjøp av minkkåper eller kanintøflar, kanskje nokon sinne. Ein ting er å produsere varer som ein treng for å overleve i arktiske strøk. Ein anna ting etter mi meining, er å selje pels for ein større masse, som kanskje ikkje har behov for dette anna enn til fint, der dyra nærast avlast som smykker? Me måtte i allefall forhøyre oss om korleis produksjonen gjekk til, tenkte dette kanskje var ein viktig og livnærande industri i regionen. Du veit, lokal "kultur" og den slags. Seljaren kunne fortelje at Noreg var ein av hovudprodusentane av pels uten at me på forhand hadde røpa kvar passet vårt kom frå. Fordommane våre vart raskt snudd mot oss sjølv og me vart noko overraska, fordi norsk pelsproduksjon ikkje er av synlegaste sort. Så gjekk me ut.




 - Evelyn Utigard -




Bear hair
Foto: Evelyn Utigard


Gaupe-one-piece
Foto: Evelyn Utigard

Oppbevaringsgjenstander av elgblærer, magar av valross og sel m.m vert også brukt
Frå Alaska Native Medical Center
Foto: Evelyn Utigard

Usamd kvinne og mann, frå utstilling på Alaska Native Medical Center
Legg merke til anorakkane dei har på seg. Blomstrette mønster med ei spesiel brodering. Dei fleste forhandlarane på marknaden gjekk i slike jakker, gjerne kalla Kuspuk (Sibirsk Yupik). Eller Parka, på turistspråket.
Foto: Evelyn Utigard
På marknaden!
Eireen i sin flotte og typiske blomsterkuspuk. Nøgd med å selje nordmannen sin handsydde kuspuk for ein god penge.
Foto: Wenche Sørmo, mobil.


torsdag 6. mars 2014

HELGELAND SATT PÅ KARTET



KVEN SKRIK HØGST? 

Midt i prosjektveka fekk me presentere litt nærmare kva høgskulen i Nesna står for, med tanke på utendørs læring på tvers av fagdisiplinane. Studentane om studentmiljø og åtskodingar, Elin Nystad om det overordna faglege, og lærarane om prosjektet sitt. Nærare 60 studentar møtte opp denne kvelden. Me kan melde om god stemning i salen med mykje humring og ivrig lytting til opplegget til Mette Gårdvik, Karin Stoll og Wenche Sørmo: Korleis kombinere kunnskap om snø med kunnskap om Edward Munch og verket "Skrik", og i same slengen bygge breiare interesse rundt kva lyd er for noko. Alternativ og spenstig måte for born å kunne lære seg å sjå ulike samanhengar på, i tillegg til at born også lærer annleis når dei får bruke heile seg sjølv. 

KONKURRANSE: 

Før avreise hadde Sørmo dessuten målt kor høgt Grunnskulelærar-klassa 5-10 på snøbyggartur til Straumen hadde klart å skrike. No skulle dei oppmøtte Anchorage-studentane målast ute i Skrikparken vår. Her er resultatet.


 
1.plass: 

Anchorage-studentane på 3. forsøk: 100 db

2.plass: 

GLU 5.-10 Nesna på 1. forsøk: 98 db



Gratulerar til Anchorage!  

(Sjølv om det spekulerast i om dommarane kan ha vore litt rause, eller om Anchorage-studentane hadde eit større skrikebehov). 



INSPIRERTE TILSKODARAR

Kåre Børli frå Polarsirkelen friluftsråd som også er med på turen avslutta kveldens foredrag frå Helgeland.  Han påpeikte (som resten) kor viktig det er for born med leik og læring på utsida av klasserommet, og synte audiensen fleire filmsnuttar han hadde laga. Han leika med hypotesa om at nordmenn med sine knappe 5 millionar innbyggjarar gjer det så godt på OL-statestikken kanskje fordi me frå tidlege barneår stimulerast med utenførs læring som fører med seg mange fine gevinstar? Sjølvstende, løysningsorientering, berekrafigheit, sterkare psyke og fysikk. Fridomen til å drive og stimulerast til uorganisert leik og dra seg nytte av kroppens og stadens moglegheiter, sjølv om utgangspunktet for Børli aldri er å skulle påverke nokon til å måtte bli olymiske mestarar i framtida. 

Klikk lenkene for å få deg ein hipp smakebit du også:

ACTIONRENNET I VALNESFJORD, av Kåre Børli

ISTID, av Kåre Børli



Då han var ferdig og gjekk ned frå podiet fortel han at det kom gåande ei stille og vár Yupik-kvinne bort til han. Ho uttrykte begeisting for filmane ho hadde sett, sjølv om dei føregjekk på norsk. Ho var takksam, fortel Børli. Ho følte at filmane og bileta var skildrande for hennar liv som lita, ved utløpet av Klondakelva nordvest i staten. Seglande til og frå skulen på skøyter, kvar ho også tilbrakte mykje uorganisert tid ute i skogen. Ho syntes at det var både artig og uhyre viktig at nokon arbeider for å stimulere born til denne typen aktivitet og læring. Særskildt når nett, media og informasjon stadig okkuperar mykje meir av tida vår, med store endringar i levemønster der naturen kvardagsleg sett får mindre plass. 

Kanskje traff me nokre engasjerande nerver hjå publikum? Kanskje minte foredraget vårt om kjende element i Alaska? Kanskje var desse ideologiane med på å understreke verdiar som også desse studentene synest er viktige? Kanskje blir folk så inspirert at dei tek i bruk ideane i framtida?  

Og kanskje får Nesna besøk av ein Anchorage-student til neste år? 



 Mt. McKinley
Foto: Evelyn Utigard







- Evelyn Utigard



onsdag 5. mars 2014

WAY UP NORTH

Selv om alle studentene fremdeles er i USA, har lærerne kommet seg hjem og er allerede tilbake i hverdagen. Da er det fint at vi har så mange fine minner sammen, og ikke minst denne artige lille filmen som Kåre Børli har laget til oss - takk! (klikk på linken nedenfor for å se filmen)










SE HELE FILMEN HER!


Vi har fortsatt spennende innlegg å poste her på bloggen i løpet av uka, men eventyret er snart over og vi nyter hvert minutt av de siste dagene!

Mvh
Studentene







mandag 3. mars 2014

MØTE MED KUNSTEN



Foto: Hans Petter Sørensen
Ein framleis jetlag-trøtt gjeng møtte opp på Anchorage Museum med ulike forventningar til «ein heil dag på museet». Først skulle me få vere med på dugnads-opphenging av elevkunst frå 70 forskjellige barne-, ungdoms- og videregåandeskular i Anchorage. Deretter skulle Herminia, vår fantastiske kvinne i byen, gi oss ei omfattande omsyning i dei forskjellige avdelingane, der både samtidskunst og historiske utstillingar pryda veggane. Som kunstnarbarn og kreativ sjel såg eg verkelig fram til besøket, trass i det freistande solskinet og dei snødekte fjella som blenkja friskt imot oss på motorvegen. 

Catrine og Evelyn beundrer utsikten fra toppen av Anchorage Museum
Foto: Hans Petter Sørensen









Unge kunstnarar 
Foto: Catrine Hole


Då me kom fram til museet fekk me møte tre engasjerte lærarar som allereie var i gong med å henge opp elevkunst i alle slags fasongar og formar. Dei fortalde litt om seg sjølve før dei sette oss i arbeid, så her var det berre å brette opp armane og gjere sitt beste. Me tok på oss kunstbrillene og hamra inn spikrar til me vart overbeviste om at me hadde gjort ein god jobb.



Medan me jobba på lag med lærarane fekk me innblikk i korleis dei jobbar med kunst i skulen i Alaska. Eg vart imponert over kor stor plass det verkar som kunst har i klasserommet her, og kor mykje fokus elevane får på sine eigne verk. Gjennom denne utstillinga der hundrevis av born og ungdomar har bidratt med kunstverk er det tydeleg at dei og får vere utøvarar, ja dei får rett og slett vere utstilte kunstnarar. Eg trur kanskje det ligg noko veldig viktig og bra i det å gi borna plass i kunstverda, at dei kan få uttrykkje sine kjensler, tankar og opplevingar i verda gjennom blant anna teikning, maling, foto, leire og alle dei andre ulike verktøya dei har tilgang til. For det kjem tydeleg fram at det er både boblande kreativitet, djupe kjensler og store talent å spore i barn og unge sin kunst her, men det er kanskje ikkje så rart? Desse borna får virkelig lov til å jobbe med kunst, og samstundes utvikle seg både kjenslemessig og estetisk.

Foto av teikning: Catrine Hole

Det at Anchorage Museum har ei slik utstilling, der born og unge og deira arbeid vert framheva, meiner eg seier alt om å ta kunst på alvor. Eg er usikker på om me er like flinke i Norge. Som lærarstudent sjølv kjennes det i alle fall som om kunst og handverk vert meir og meir «ufagleg-gjort» i norsk skule, og at denne prosessen går i utakt med det behovet verda har for kreative og nytenkjande menneske. Utstillinga GYRE (sjå lenger ned) kanskje kan sette dette i eit større perspektiv.


Mykje fascinerande å festa blikket til her
Foto: Catrine Hole


Omvisning i ei samansatt kunstverd 
 

Her må ein følgje instruksar Eirik!
Foto: Catrine Hole
Då dei imponerande kunstverka laga av elevar i Anchorage var komen på rett plass i og over aulaen, supa me i oss ei ramsterk thaisuppe før me smaug oss vidare inn i museet si indre verd. «Just follow me» smila Herminia med sitt tolmodige lynne, medan den norske delegasjonen gjorde seg ferdig med alt det dei tilsynelatande måtte gjere før dei endelig var klar for omsyninga. Me er ikkje berre enkle å ha med å gjere tenkte eg i mitt stille sinn, medan eg i siste liten sprang etter kameraet mitt i garderoben. Say no more...

Evelyn og Herminia foran kart over Alaska, Herminia kan lære oss mykje om urbefolkninga i Alaska og deira historie
Foto: Hans Petter Sørensen
Den faste utstillinga av kunst og historiske gjenstandar gav oss eit innblikk i både urbefolkninga si historie og landet si utvikling heilt fram til i dag. Her finst flotte miniatyrar og utstoppa bjørnar som deler plass med utsnitt av gigantiske oljekablar som i dag kryssar store delar av Alaska. I enden av denne utstillinga fann me plutseleg Alaska sin aller største heis, som tok oss opp til toppen av museet. Her fekk me nyte ei nydeleg utstilling; Proximity av Margo Klass. 


Ein av dei mange flotte installasjonane til Margo Klass
Foto av installasjon: Catrine Hole

Små sirlige figurar og installasjonar laga i både naturleg og resirkulert materiale. Uttrykket er lågmælt men fengjande, og dei opne installasjonane gir meg assosiasjonar til dokkehus og miniatyrar. Likevel er det noko alvorleg og poetisk over dei små universa som inviterer oss inn til refleksjon og ettertanke. Denne opplevinga vart for meg i grunn berre forsterka idet eg forflytta meg nedover til utstillinga i etasjen under. 




Sjokk og inspirasjon 

Samarbeidsutstillinga GYRE - the plastic ocean var kanskje den utstillinga som ropa høgast og klårast av alle dei samlingane me såg i løpet av dagen.

Foto: Hans Petter Sørensen


Ein av mange ofre for den forsøplinga eg og du står for i dagens forbrukarsamfunn - groteskt men verkeleg
Foto av foto: Catrine Hole

I ein heil etasje har 20 anerkjende kunstnarar frå heile verda stilt ut resultatet av et stort kunstprosjekt:
  
"The Gyre Project er et samarbeid mellom Anchorage Museum og Alaska SeaLife Center, hvor problemet med marint søppel belyses gjennom en vitenskapelig ekspedisjon i 2013 og en samtidskunstutstilling nå i 2014. Plastemballasje fra forbrukerkulturen vår finner veien innom verdens hav og deretter inn i hendene på kunstnerne. Våre hav og strender er fylt med plast og forurensning drevet av gyrer (roterende havstrømmer). Utstillingen utforsker forholdet mellom mennesker og havet i en moderne forbrukskultur." 

Du kan lese meir om utstillinga og prosjektet på Anchorage Museum si nettside, og sjå ein film om prosjektet her. Det anbefalast på det sterkaste!


Her fann den norske delegasjonen ikkje berre vakre kunstverk, men og store overraskingar, viktige bodskap og ein god porsjon inspirasjon. Ein tanke slo meg umiddelbart medan eg gjekk der og kikka med hjarta i halsen; kva i helsikken er det me held på med eigentleg? Korleis har me hamna her? Det var ikkje berre urovekkjande, det var direkte avstøytande. Å samstundes vere i Amerika, som ligg på toppen av plast-kast-lista, gjer meg uroleg. Alle tala og statistikkane er drepande, og mi eiga kildesortering og plastposebevissthet er umuleg å oppretthalde her, alt er plast, og alt skal me kasta etter bruk. Ein kan verta sveitt av mindre.. 

Måleri, nokon av funna kunstrnarane gjorde på verdas strender vart foreviga
Foto av verk: Catrine Hole


Men midt oppi all galskapen kjende me alle at me vart forferdelig inspirerte. Her ligg det faktisk ei kjelde me kan bruke fant me ut, kanskje kan me og vere med på å skape større bevissthet rundt konsekvensane av forbrukarsamfunnet gjennom kunst? Kan me ta dette med oss heim og dra nytte av det personleg og i skulen? Me får sjå, inntrykket var i alle fall sterkt, og vedvarande. 


- Catrine -  


Evelyn og fotograf Hans Petter i dei store trappene i Anchorage Museum
Foto: Catrine Hole

Foto av fotoinstallasjon: Catrine Hole



Foto av foto: Catrine Hole

lørdag 1. mars 2014

Samtale med en snøbygger; Anna Rönkä


Foto: Hans Petter Sørensen

På slutten av siste dagen i snøprosjektet fikk jeg tid til å prate litt med en av studentene som var med oss i snøen. Anna Rönkä fra Finland tar sin PhD ved Finland University of Oulu, og er nå 4 måneder i Alaska for å jobbe med tesen sin; «Experiences of loneliness». Hun har jobbet iherdig i snøen sammen med oss i to dager, og laget opp til flere versjoner av Munchs "Skrik". I tillegg har hun måttet skrike opp til flere ganger i den store snørammen!



Jeg og Anna setter oss ned i klasserommet og tar oss en kaffe. Praten går lett på engelsk med finsk og norsk aksent, mens de andre legger siste hånd på snøverket i solskinnet utenfor. Anna er ei smilende og koselig jente, og vi snakker om Alaska, studiene, snø, diverse tanker rundt natur og holdninger til det å bruke naturen aktivt slik som vi har gjort i dette prosjektet.

Hva synes du om å bo i Alaska? 
Jeg trives veldig godt, og jeg bare elsker fjellene her, i Finland er det jo så flatt! Hver dag når jeg ser dem blir jeg i godt humør, de skifter farge hele tiden i dagene som blir lysere og lysere.

Hvilket forhold har du til naturen?
Jeg har 2 hunder hjemme, så jeg er vant til å være mye ute i naturen, jeg må jo gå mange turer hver dag vet du. Jeg både liker og er vant til å være mye ute i naturen, både sommer og vinter. 

Anna er ikke redd for å ta i et tak!
Foto: Hans Petter Sørensen
Hvorfor valgte du å bli med på dette prosjektet?
En kollega av meg anbefalte meg å bli med, hun skulle også være med men hun ble dessverre syk. Hun pleier å ta meg med på ting og tipse meg om hva som kan være artig å gjøre her i Alaska. Det var veldig fint å være med på prosjektet og møte Høgskolegjengen fra Norge, jeg forstår faktisk en del av hva dere sier også!


Evelyn, Herminia, Anna & Catrine med Hine-skulpturen!
Foto: Hans Petter Sørensen
Hva tenker du om denne måten å jobbe på?
Jeg tror dette kan være en fin aktivitet for både barn, ungdommer og voksne. For eksempel grupper med ungdommer, skoleklasser eller til og med voksne grupper, det er en flott aktivitet for både store og små! Opplegget slik vi har gjort det i dag er veldig åpent og fint, ikke for strengt og begrensende. Jeg følte vi fikk mye frihet og muligheten for å nærme oss oppgaven kreativt. Men jeg kan tenke meg at med en skoleklasse må man ha litt regler og et strammere opplegg slik at man vet hva man skal gjøre til enhver tid.

Jeg vil også si at det å ta barn med ut i naturen er fantastisk, og å blande det med kreativitet, kunst og håndverk er så flott, det er en god sammensetning. I skolen i dag er det mye fokus på sport, det er bra, men samtidig kan dette ekskludere en rekke barn, og i tillegg kan det skape mer konkurranse mellom barna. Litt konkurranse er bra, men ikke for mye!


Vi avslutter samtalen og går ut igjen for å hjelpe til i oppryddingsarbeidet, og det er ikke farlig så lenge været er slik det er i dag. Prosjektet avsluttes søndags ettermiddag med en liten photoshoot i snøgalleriet vårt.  

(Les Anna Rönkä sine publiserte artikler HER)


- Catrine -  

Oppe fra venstre; Elin Nystad, Herminia Din, Anna Rönkä, Wenche Sørmo, Kåre Børli, Eirik Dahl og Evelyn Utigard
Nede fra venstre; Karin Stoll, Catrine Hole, Mette Gårdvik og Darryl Bailey

Foto: Hans Petter Sørensen







torsdag 27. februar 2014

Hundespann, Bilberging og annet tidsfordriv

Foto: Hans Petter Sørensen
Hundespann, Bilberging og annet tidsfordriv

En fantastisk utsikt fulgte oss på reisen innover fjordarmen
For å oppleve den vakre naturen vi omringer oss med bestemte vi oss for å sette oss i bilen og kjøre ut av byen. Kjøreturen hadde ingen destinasjon – veien fikk føre oss hvor den ville!
Jeg var heldig nok til å få kjøre. Jeg er veldig glad i å kjøre og den norske landeveien appellerer til meg, men dette var virkelig noe for seg selv. Amerikanerne er kjent for å bare være interessert i å kjøre i rett frem, men kunne det være mulig å opprettholde en amerikansk veistandard i et slikt klima? (En kan trygt si at vi nordmenn sliter litt med den oppgaven.)

Hærverk med et hint av symbolikk? Langs hele veien var skiltene skutt hull i.
Stoppskiltene og Elgadvarslene var spesielt utsatt
Foto: Hans Petter Sørensen
Vi la oss ut på motorveien – tre felt i hver kjøreretning – dette så bra ut! Trafikken avtok litt når vi kom ut fra tettbebyggelsen. Veien vi kjøre på, «Seward Highway» fulgte en vakker fjord. Etter et stykke stoppet vi og tok noen flotte bilder!

Da vi hadde kjørt omlag en time tok vi en avkjørsel i retning «Hope». Hope lå 18 miles fra Seward highway, og siden vi var lite kjente med avstander tenkte vi det hørtes fint ut. Det var svært lite trafikk. Man kunne telle alle bilene vi møtte på ei hånd og fortsatt ha de fleste fingrene til overs. Det tok 15 minutter før vi kom frem til Hope.
Hope viste seg å ikke være hva vi ventet. Da vi kjøre ned «Hope Main Street» så vi ikke en eneste sjel. Alle husene var tomme og forlatt. Stilmessig så bebyggelsen runt 80-100 år ut. Etter en kort pause dro vi videre. Vi prøvde oss på en av de andre veiene. Her møtte vi en dame som gikk på tur. Vi stoppet for å høre mer om hvor vi var kommet. Hun kunne fortelle oss at Hope hadde omtrent 130 innbyggere men hadde mange flotte plasser man kan gå på tur. Vi dro så videre for å sjekke ut området. Allerede rundt neste sving kom vi til et kryss hvor en bil hadde kjørt av veien. Ivrig etter både å hjelpe til og å møte lokalbefolkningen stoppet vi for å hjelpe til med å få bilen opp av veien. Til sammen var vi blitt mange. En annen bil og en mann på snøskuter hadde stoppet for å hjelpe og etter et par nordnorske dytt var bilen trygt oppe på veien igjen.
Det viste seg så at mannen i bilen var Alaska Channel 2s nyhetsanker med høy kjendisfaktor!
Kona hans tok et flott gruppebilde og sendte det til oss på mail!
Bilturen var en stor suksess! Vi hadde fått sett et kjempevakkert landskap og møtt spennene folk.
Jeg kan virkelig anbefale å kaste seg i leiebilen og «hit the road» uten fastsatt destinasjon engang man er på ferie!
Gruppebilde etter bilbergingen.
Herremannen i Blå og sort jakke er ankermann Mike Ross fra Channel 2


Hundespann i Vinterland
Jeg og Evelyn hadde et stort ønske om å sitte på hundespann. Med nostalgi til Disneyklassikeren «Balto», som er satt i samme landskap som vi nå befinner oss i satte vi oss i bilen og kjørte nordover. Etter å ha kjørt oss litt vill, (en scenisk omvei om du vil) kom vi frem til løypa merket «Mushing only». Der møtte en kjempemorsom og interessant guide og 8 spreke og ivrige hunder!
Gutta på tur!!!
Foto: Hans Petter Sørensen

Den planlagte turen var 5 miles, men guiden ønsket å teste ut en ny rute på turister og lurte på om vi kunne tenke oss å prøve denne ruta. Denne var omtrent 6 miles og litt mer humpete, men enda vakrere! Turens midtpunkt var et panorama-utkikkspunkt i Eagle Bay – hvordan kunne vi si nei!?
Vi tok plass på kjelken og unna bar det. Til tross for at de 8 hundene bare var i overkant av et år var de i storform. Guiden fortalte at disse hundene var allerede trent til å springe 80 (nesten 130 km) miles i løpet av en treningsøkt. Dette merket vi godt da vi var fremme i Eagle Bay for en liten pause. Når vi skulle stoppe for å ta bilder klarte hundene nesten ikke å stå i ro! De verket etter å komme tilbake i sporet. Utkikkspunktet var nydelig og fjellformasjonene rundt Eagle Bay var veldig vakre. Dette er definitivt noe jeg ikke kommer til å glemme med det første!

Guiden vår Gjennom turen. Han var virkelig dyktig!
Foto: Hans Petter Sørensen

Foto: Hans Petter Sørensen

Foto: Hans Petter Sørensen

Catrine og Hans Petter ble igjen og koste med hundene mens vi var i løypa.
Foto: Hans Petter Sørensen

Foto: Hans Petter Sørensen


Om fast food og The Alaskan Cuisine

Det høres stille hvisking om noe som kalles «Eskimo Ice Cream», en rett bestående av Reinsdyr eller selfett, bær, fisk og sukker, og om hvalross og bjørn, men vi har enda ikke kommet over slikt. Vi har likevel hatt noen genuine superkulturelle kulinariske opplevelser.
Her er historien om vår første Drive-through experience:
Etter at GPSen hadde tatt oss til en stengt Thairestaurant og ingen like restauranter var å finne vokste desperasjonen og sulten i takt med hverandre. Om litt bestemte vi oss for at det aller første skulle bli det aller beste – noe som førte oss til en Taco Bell Drive Through. Det er mange gode grunner til at Drive Through ikke finnes i Norge, og her kommer vår top 3:

1.      Det er umenneskelig å bestemme seg så fort! Vi hadde store problemer med å se den skittene menyen som sto i bilkøen, og siden ingen av oss hadde vært på Taco Bell før var vi ikke kjent med menyen. Vi måtte rope ut til den dårlige intercomen som sto i sneskavlen, og det ble feil mange ganger før det ble *kremt* rett.
2.      Å betale fra bil når du ikke har anelse om hva du har bestilt er en prøvelse!
3.      Når man omsider mottar maten står man ovenfor et ubehagelig valg: skal man sitte i bilen å spise ukomfortabelt eller skal man kjøre hjem å spise kald fast food?

Den beste opplevelsen i Drive Throughen var damen som gav oss mat. Hun var helt i fra seg over å høre at vi aldri hadde vært på Taco Bell før og heller ikke i en Drive Through. Hun ropte og skrek og kalte oss for «Taco Virgins» mens hun lo høyt! Vi tok høflig imot både kompliment og mat mens vi mistet vår «Taco møydom».


Vår Egen Booth – En slik som bare vi og Sitcom-stjernene har!
Vi er også (etter to besøk) blitt fast inventar på «City Diner». Her har vi også «Our Regular Booth»!
Foto: Hans Petter Sørensen
Dineren er i en 50-tallsstil og serverer 50-tallsmat som Sandwich, Chips og Citys best burger! Min personlige favoritt var «Reindeer Sandwich with Clam Soup» - en spennende smakskombinasjon selv om ostefaktoren var vel høy. Evelyn – som tross alt har bodd i USA et år og opparbeidet seg en viss kompetanse på American Pancake-fronten kan meddele at pannekakene hun spiste var veldig gode.
Foto: Catrine Hole
Dessuten var det mye for pengene. Talerkene var smekkfulle! På denne Dineren fikk vi også øynene opp for Alaskas øl! Her i Alaska er det en stor kultur for ølbrygging. Her fins massevis av mikrobryggerier. Alaskan Amber og Alaskan IPA er til nå de beste!
Jeg og Cathrine Bestemte oss for å ta en milkshake til dessert. Vi var stappmette etter den store middagen så vi ba kelneren om å dele en milkshake i to. Det kelneren kom til bordet med var tilsynelatende to STORE milkshake etter Norskstandard å dømme. Jeg kan forsikre om at en milkshake i USA lett dekker en dags kaloriinntak, men som det smakte!







 


Robbin' a Liquor Store

Etter å ha smakt den fantastiske ølen forhørte vi oss litt med en kelner. Vi fikk høre at ikke bare var ølet tilgjengelig over hele Anchorage, men Liquor Stores hadde stengetid kl. 2 på natten! Vi Dro!
Etter å ha sett rundt i de mange hyllene og plukket ut det som skulle bli spennende øl opplevelser dro vi til kassen. Alt gikk fint når jeg betalte for mine øl, men da stakkars Cathrine på 33 år skulle få betale for sine øl sa kassamannen stopp. Tross liberale åpningstider var betjeningen kjempestreng – og uten gyldig legitimasjon ble det ingen kjøp.


Foto: Hans Petter Sørensen

-Eirik Dahl-