fredag 21. februar 2014

ALASKA PÅ AGENDAEN



Midt i februar dreg me altså frå den eine vinteren til den andre. Ei god blanding med både Nesnapedagogar og høgskolestudentar på utvekslingseventyr til University of Alaska Anchorage

Høgskolen i Nesna har i dei seinare åra vore kjent for utforsking og satsing på tverrfaglege og stadsbaserte læringsprosessar tilknytta lærarutdanninga, og då Anchorage i Alaska har mykje til felles med det nordnorske klimaet, med liknande breiddegrader og liknande årstider, er det kanskje også ein spanande stad å besøke for å utveksle idear og læring på tvers av Atlanterhavet? Det vert i alle fall interessant å få innblikk i interkulturelle praksisar i eit liknande breiddegradsmiljø, og å treffe både studentar og lærarar ved dette store universitetet. I tillegg vert me kjende med korleis det kan opplevast å vere student ved UAA og kva muligheter som ligg der. 

Me satsar på at dei neste 10 dagana vert både lærarike og spanande, og ikkje minst ein kulturell berikelse i fantastiske omgivelsar. Bli gjerne med oss på tur gjennom denne bloggen! 



KVEN ER VI? 


Eirik Dahl; karismatisk og heimekjær helgelending med ambisjonar. Glad i musikk og spesielt glad i strenginstrumenta sine, som han spelar på både titt og ofte. Likar og å lage mat og lese. Studerer norsk, engelsk og RLE i løpet av GLU 5-10-lærarstudiet.








Evelyn Utigard; samfunnsengasjert og reiseglad telemarking. Har ein bachelor i sosialantropologi frå Bergen, og tar no årstudium i kunst og handverk ved Høgskolen i Nesna. Er opptatt av kulturar og samansetningar av menneskjer, og har mange spanande draumar om kva framtida kan innebere. Ganske poetisk og herleg spontan av natur!




Catrine Hole; ei eventyrlysten vestlandsjente bergtatt av den nordnorsk naturen. Lærarstudent og friluftsmenneske med fortid som både kontorrotte og globetrotter. Glad i å reise, oppleve forskjellige kulturar og møte nye mennesker. Studerer norsk og engelsk i tillegg til Fleirkulturell Forståing som GLU 5-10-student.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar